3/09/2010
Spørsmål 3
Kan du tenkje deg personar i nyare tid som har gjort liknande demonstrasjonar? Kva effekt har denne typen, altså deffensive, protestar?
Spørsmål 2
I samanheng med spørsmål 1; kvifor vart den tilsynelatande enkle bussprotesten så viktig? Korleis kunne dette sette i gang så mykje som det gjorde?
Spørsmål 1
Rosa Parks er kjend for bussprotesten, som i praksis gjekk ut på at ho nekta å reise seg frå eit sete på ein buss. Meiner du all merksemda ho har fått oppgjennom er fortent?
3/01/2010
Rosa Parks
Da eg fekk oppgåva med tittelen ”historisk person”, sa det seg sjølv at det måtte vere ein person som har betydd noko. Noko for historia, noko for fleire menneske. Namnet Rosa Parks dukka rimeleg kjapt opp i hovudet mitt. Eg har lenge vore nysgjerrig på henne og kva ho eigentleg fekk utretta, utan at eg nokon gong har sett meg skikkeleg inn i det. Derfor såg eg ingen grunn til å ikkje velje Rosa Parks; dama som eg har høyrt så mykje om, men aldri heilt kunna eller skjønt.
Ho vart fødd ein februardag i 1913, da nærare bestemt i Alabama. Faren var snekker og mora var lærar. Rosa Louise McCauley, som ho opphavleg heitte, var ei afroamerikansk jente med dårleg helse og foreldre som snart skulle skilje seg. På grunn av dette flytta ho og mora og broren til besteforeldra og garden deira, rett utanfor Montgomery i Alabama. Ho gjekk på ein lokal skule inntil ho var elleve år, da ho vart innskrive på Industrial School for Girls i Montgomery. Seinare tok ho vidaregåande utdanning, heilt til ho brått måtte bryte av med studiene og ta seg av bestemora og mora som båe vart alvorleg sjuke.
USA på denne tida var svært segregert. Det vil seie at det eksisterte eit volsomt raseskilje der. Kvite og farga var skilde frå kvarandre og hadde kvar sine område i alle samanhengar. Rosa Parks fekk merke dette på kroppen allereie som lita jente. Kvar morgon såg ho nemleg skulebussen passere, full av kvite barn på veg til sin nyleg oppussa skule. Dei farga elevane måtte nemleg gå, da til den litt meir nedslitne skulen dei hadde. Parks fortel sjølv at det var på bussen ho først fekk oppleve at det fanst ei kvit verd og ei svart verd. Kanskje er det derfor ikkje tilfeldig at det skulle vise seg å bli i tilknyting til nettopp ein busstur ho vart verdskjend?
Det er 1. desember 1955, og Rosa Parks er på veg heim frå jobben som syerske. Ho tek buss og sit på den fremste rekka i avdelinga for farga. Brått gjev sjåføren ordre om at alle på den fremste rekka må flytte seg lengre bak, fordi den kvite delen er full og det er ein kvit mann som ikkje har sitteplass. Alle utanom éi gjer som sjåføren seier. Rosa Parks blir nemleg sittande der ho er og nektar å flytte seg ein centimeter. I aggresjonen som kjem som ei følgje av at ho er lei av å bli behandla som ei annanrangs borgar, utfører ho ein stille protest. Ein protest som både fekk ho i fengsel og kosta ho 14 dollar. Men viktigast av alt; ein protest som skulle vise seg å vere startskotet for ein årelang rettferdskamp.
Kvelden etter samlast 50 farga leiarar, deriblant den da ukjende Martin Luther King Jr. Dei diskuterer gårsdagens oppstuss på bussen og finn ut at det er på tide å kjempe imot denne urettmessige behandlinga. Resultatet blir ein 381 dagars lang boikott der ingen av dei farga i Montgomery brukar bussane. På denne måten mista busselskapa store inntekter og ikkje minst; regelen om avskilde avdelingar på offentlege bussar vart fjerna. Bussboikotten var starten på borgarrettsrørsla i USA. Aksjonar og protestar følgde, og i 1964 vart offentleg rasediskriminering forbode ved lov.
Rosa Parks var den gongen lyset i tunellen. Ho gav folk håp og ho minte dei på at rasediskrimineringa i samfunnet faktisk ikkje var ok. Ho var viss om at hudfarge ikkje spelar noko rolle i verdsetjing av menneske, og akkurat den tanken klarte ho å vidareformidle til medmenneska sine. Både gjennom buss-protesten, og ikkje minst i borgarrettsarbeidet i etterkant var ho svært viktig for dei farga. Styrken og optimismen hennar smitta over til andre, og ho fekk folket til å stå saman for å kjempe.
I ettertid har Rosa Parks saman med t.d. Martin Luther King Jr., blitt symbolet på rettferd mellom menneske og kampen mot raskeskilje. Ho har ein stor del av æra for at opprøret og protestane omsider tok til på 50- og utover på 60-talet. Ho har derfor fått mange prisar og medaljar, mellom anna Presidentens friheitsmedalje av Bill Clinton (1996), og dessutan Kongressens gullmedalje (1999). I 2001 vart ein park og eit museum i Montgomery dedisert til ho. 24. oktober 2005 sovna ho inn, heile 92 år gamal.
Kjelder:
http://en.wikipedia.org/wiki/Rosa_Parks
http://no.wikipedia.org/wiki/Rosa_Parks
http://www.dagbladet.no/magasinet/2005/10/25/447428.html
http://en.wikipedia.org/wiki/Montgomery_Bus_Boycott
http://virksommeord.uib.no/taler?id=1081
http://snl.no/Rosa_Parks
http://gardenofpraise.com/ibdrosa.htm
http://www.africawithin.com/bios/rosa_parks.jpg
Kjeldene eg har brukt har eg valt å gå ut i frå at stemmer rimeleg bra. Alle fortel den same historia, nokre meir detaljert enn andre. Alle er òg frå nyare tid, noko som sjølvsagt kan vere litt einsformig. Dersom ein hadde tilgang på kjelder som var meir ”opphavlege” og da av eldre tid, så er sjansen der for at ein hadde fått vite om saken frå ein litt anna vinkel. Sidan slike kjelder er vanskelege å oppdrive, har eg ikkje lykkast å få tak i dei. Nokre av kjeldene, spesielt artikkelen i Magasinet i Dagbladet, er svært subjektive. Den har mykje fokus på den ”heltelege” Rosa Parks.
Abonner på:
Innlegg (Atom)